Læreplan i Hovslagerfaget
VG3 / OPPLÆRING I BEDRIFT
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. februar 2021 etter delegasjon i brev av 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Fagrelevans og sentrale verdiar
Hovslagarfaget handlar om å verke og sko hovane på hesten. Faget skal bidra til å utvikle lærlingen sine handverksferdigheiter i og kunnskap om hovslagararbeid. Hovslagarfaget skal bidra til å sikre dyrevelferda og til at hesten kan brukast i arbeid, sport og fritid. Vidare skal faget bidra til at hestenæringa har tilgang til sjølvstendige og omstillingsdyktige hovslagarar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Hovslagarfaget skal bidra til respekt for naturen og velferda til hesten, og til forståing av korleis hovslagararbeidet påverkar hoven, helsa og prestasjonen til hesten. Faget skal bidra til kritisk tenking og etisk medvit om forholdet mellom kva marknaden krev, og kva behov hesten har. Vidare skal handverksferdigheiter og fagkunnskap danne grunnlag for nytenking og for å omsetje idear i handling. Faget skal òg bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om betydinga av trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.
Kjerneelement
Verking og skoing
Kjerneelementet verking og skoing handlar om å verke og sko hest på ein slik måte at hesten kan brukast i arbeid, sport og fritid, og at arbeidet bidreg til å fremje haldbarheit, velferd og prestasjonane til hesten. Det handlar om å tilpasse verkinga og skoinga til kvar enkelt hest ved å bruke og meistre arbeidsteknikkar, verktøy og materiale på ein sikker og effektiv måte. Vidare handlar det om korleis verkinga, ulike beslag og ytre faktorar som bruk, underlag, levemiljø og eksteriør påverkar hoven, bevegelsane og prestasjonane til hesten.
Hestehelse og hestevelferd
Kjerneelementet hestehelse og hestevelferd handlar om slitasje, skadar og sjukdommar hos hesten, om korleis dette kan førebyggjast, og om samanhengen mellom hovslagararbeid og hestevelferd. Kommunikasjon og samarbeid med hestehaldarar, veterinærar og andre aktørar i tilknyting til hesten inngår òg i kjerneelementet. Vidare handlar det om kva arbeidsoppgåver ein hovslagar skal og ikkje skal gjere når det gjeld sjuke og skadde hestar. Det handlar òg om åtferda og språket til hesten, og om å skilje normal frå unormal åtferd.
Sikkerheit og kvalitet i hovslagerarbeid
Kjerneelementet sikkerheit og kvalitet i hovslagararbeid handlar om å utføre verking og skoing på ein måte som er trygg og sikker for hesten, hovslagaren, hestehaldaren og andre. Det handlar om risiko knytt til arbeid med hest, om ulike verktøy og materiale, om varme arbeid og skiftande arbeidsmiljø og om førebyggjande sikkerheitsarbeid og rutinar. Vidare handlar det om å vere bevisst på sitt eige kompetansenivå og på rolla som fagarbeidar. I kjerneelementet inngår òg kundebehandling, bedriftskunnskap og det å rette seg etter gjeldande standardar, lover og regelverk.
Tverrfaglige temaer
Folkehelse og livsmeistring
I hovslagarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å samarbeide med andre aktørar kring hesten. Det handlar òg om å yte kundeservice og å handtere relasjonar mellom menneske og mellom menneske og dyr. Det handlar vidare om korleis faget kan bidra til folkehelse gjennom å vere ein del av ein tenesteytande bransje i ein marknad for næring, sport og fritid
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i hovslagarfaget inneber å tileigne seg kunnskapar ved å lytte til andre og diskutere fagleg innhald knytt til observasjonar og erfaringar. Det inneber å samarbeide med hestehaldarar og å hente inn relevant informasjon før verking og skoing. Vidare inneber det å bruke fagspråk i samarbeid med kollegaer, veterinærar og andre yrkesgrupper, å tilpasse kommunikasjonen til mottakar og formål, å grunngi val fagleg og å diskutere forslag og løysingar. Refleksjon over eige arbeid og presentasjon av arbeidet for ulike målgrupper inngår òg.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i hovslagarfaget inneber å rapportere og dokumentere verking og skoing og å føre journal og oversikt over planlagt og utført arbeid. Det inneber å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Det inneber òg å lage arbeidsteikningar og arbeidsinstruksar og å kommunisere skriftleg med andre.
Å kunne lese
Å kunne lese i hovslagarfaget inneber å reflektere over og vurdere ulike fagtekstar, og å tolke og vurdere journalar, bilete og annan informasjon i samband med diagnostisering. Vidare inneber det å følgje arbeidsteikningar og arbeidsinstruksar, å finne fram til og forstå gjeldande lovverk, og å følgje med i debattar om næringa og næringsinteresser.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i hovslagarfaget inneber å forstå fysiske lover og biomekanikk i samband med verking og skoing. Det inneber å berekne materiale til skoing og å forstå kva eigenskapar og effekt verkinga, beslaget og ulike materiale har. Vidare inneber det å velje framgangsmåtar og å stille inn og tilpasse verktøy og utstyr. Dessutan inneber det å kunne setje opp, bruke og behandle tal og utrekningar i drifts- og økonomistyring, ulike tabellar, diagram og enkel statistikk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i hovslagarfaget inneber å bruke digitale ressursar til verking og skoing og i dagleg drift. Vidare inneber det å bruke digitale ressursar i kommunikasjon med kundar og andre, og å bruke system for drifts- og økonomistyring og kundeoppfølging. Det inneber òg å bruke digitale ressursar til å søkje etter og innhente informasjon og å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft.
Kompetansemål
Etter Vg3
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne:
-
Planleggje, vurdere, gjennomføre og dokumentere verking og skoing av hest
-
Arbeide i tråd med gjeldande regelverk for dyrevelferd og verke og sko hest på ein slik måte at det fremjar velferd, helse og prestasjonar
-
Kjenne att og beskrive språket, åtferda og normaltilstandane til hesten, og handtere hest på ein trygg og etisk forsvarleg måte
-
Vurdere anatomien og eksteriøret til hesten med vekt på dei nedre ekstremitetane, og gjere greie for oppbygginga av beinet og hoven med ytre og indre strukturar
-
Vurdere og korrigere beinstilling på føl og unghestar
-
Beskrive gangartane og vurdere bevegelsesmønsteret til hesten, og vurdere korleis verkinga og beslaget påverkar dette
-
Velje, tilpasse og halde ved like verktøy og utstyr til arbeidet som skal utførast
-
Velje materiale og dimensjonar på beslag etter korleis hesten blir brukt, og kva behov han har, og sko med eigna bruks- eller sjukebeslag
-
Verke for berrfot og beslag og grunngi val for tilskjering
-
Tilverke beslag etter mål og arbeidsteikning
-
Vurdere effektar og bieffektar av beslag og ulike modifikasjonar på desse, og modifisere beslaget slik hesten treng
-
Sveise for relevant hovslagararbeid
-
Vurdere korleis ytre faktorar og levemiljøet til hesten påverkar hoven, hovhelsa og behova til hesten, og ta omsyn til dette i verking og skoing
-
Gjere greie for eigenskapane til ulike produkt og materiale som blir nytta i skoing og verking, og bruke desse etter behov
-
Utføre teknikkar for reparasjon og oppbygging av hovar, og leggje hovbandasje
-
Identifisere og førebyggje smerte, skadar og sjukdommar, og tilvise vidare når tilstanden krev ekstern kompetanse og behandling
-
Samarbeide med veterinær i førebygging og behandling av skadar og sjukdommar
-
Samarbeide med og rettleie hestehaldaren og anna hestepersonell om skoing og hovpleie
-
Bruke fagspråk som er tilpassa mottakaren i samarbeid og kommunikasjon med veterinær, anna hestepersonell og hestehaldaren
-
Vurdere smittefare og setje inn smitteverntiltak
-
Vurdere risiko i hovslagarabeid og gjennomføre tiltak for å redusere risikoen
-
Utføre arbeidsoppgåver på ein ergonomisk rett måte, gjere greie for vanlege belastningsskadar og setje i verk tiltak for å unngå desse
-
Utforske dei kulturhistoriske tradisjonane i hovslagarfaget, og reflektere over kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar
-
Identifisere faktorar som påverkar arbeidsmiljø, økonomi og kvalitet, setje i verk forbetringstiltak og gjere greie for drift av næringsverksemd
-
Arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i hovslagarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i hovslagarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i hovslagarfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast over to vyrkedagar.